Close

VÅRE VARER

Vi er stolte av det vi lagar. Smakfulle brød, dekorative kaker og ein velkomponert sandwich er eit resultat av mange års kompetanse. Vi har medarbeidararar som kjem smilande inn døra tidleg om morgonen, klare for å gå laus på oppgåvene. Ei familiebedrift med lange røter, har naturleg nok tradisjonar som vi vil ta vare på. Men vi kviler ikkje, vi leitar og søkjer etter inspirasjon og nye råvarer. Inspirasjon kan vi finne over heile verda. Råvarene vil vi helst hente lokalt. 

 

Målet vårt er at du som kunde skal bli freista til å kome tilbake og prøve meir av det vi har å tilby.

CATERING

For bestilling til ditt arrangement kan vi tilby snittar, rundstykke, blings og baguettar. Smakfullt pålegg gjev påfyll og ny energi.
20180307_Olefine-Hafstadvegen_1082

LUNSJ

Våre saftig rundstykke og sprø kjernebriks er smurd med kjærleik og variert pålegg. Eller kva med ein frisk salat med spenstig dressing? Eller ein pikant wrap? Vi nyttar lokale produsentar og har mellom anna laks frå Svanøy og egg frå Gaular.

KONDITORI

På konditoriet er sjokolade, krem og bær ingrediensar i finstemte forsøk på å lage den nye bestseljaren. Våre kaker er både tradisjonelle og moderne. Vi kan tilby eit breitt utval av freistande søtsaker til helgekosen, barnebursdag, jubileum, dåp og bryllaup.
20190309_Naustdal-HeroFood_0044

BAKERI

Våre bakarar har lang røynsle frå faget, og arbeider effektivt. Dei står tidleg opp for at du skal få ferskt og variert bakverk kvar dag. I utsala våre finn du både sunne grovbrød og sprø surdeigsbrød bakt med handoppslag. Ein stor del av bakarvarene vert pakka og køyrd ut til daglegvarehandelen i Sunnfjord, Nordfjord og ytre Sogn.

ANDRE VARER

I Hafstadgarden har vi eit utval gode, lokale varer. Ei fin gåve til den som har alt, eller kanskje du finn noko godt til deg sjølv?

Olefine-Hafstadvegen-1099
20190309_Naustdal-HeroFood_0016
Olefine-Hafstadvegen-1165
Olefine-Flora-1193
20190308_Naustdal-Produksjon_0347
20190309_Naustdal-HeroFood_0044