Close
20190309_Naustdal-HeroFood_0074

OM NAUSTDAL DAMPBAKERI

Vi er ei av dei eldste verksemdene i Sunnfjord, og vi lovar å halde 

på den gode smaken som bakeriet har blitt kjend for!

EKTE HANDVERK

På bakeriet er det mykje varme. Og gode lukter. Å kome inn i eit slikt produksjonslokale, når bollane kjem ut av omnen, kjenne varmen frå raskebana og sjå på røynde og raske hender som tømmer brødformer, det er godt.

GOD BAKST SIDAN 1888

Sidan 1888 har familien Berntsen bakt brød til sunnfjordingar. Ole Berntsen sende ferske bollar og brød med båt til grendene ved fjorden. Sidan kom det betre veg, Jetmund og Ingrid Berntsen selde varene frå brødbilen. Frå sentrum av Naustdal strøymde kvar morgon lukta av ferske skillingsbollar og nysteikte grovbrød.

 

I 1986 var lokalet vorte for lite, og Ragnar og Olav flytta produksjonen til Kronborg I Førde. Tradisjonane er med når no fjerde generasjon Berntsen styrer bakeriet. Saman med engasjerte og røynde medarbeidarar jobbar vi kvar dag, for å ta vare på den gode smaken vi er blitt kjend for.

Olefine-Hafstadvegen-1015
Olefine-Hafstadvegen-1043
Naustdal-Konditori-1005